Konsert med CTG på Balestrand Hotell
Med ein coctail av hardtslåande rockehits frå steinalderen til moderne slegarar inviterer CTG deg til konsert etter Balestrand Opp på Balestrand Hotell.
Med ein coctail av hardtslåande rockehits frå steinalderen til moderne slegarar inviterer CTG deg til bankett etter Balestrand Opp på Balestrand Hotell.
CTG har røter djupt nede i rockemiljøet i Høyanger. Orkesteret kjem frå trange kår i arbeidarklassen i industristaden, og har medlemer frå tre generasjonar med rock: Dei med si musikalske blomstringstid på 70-talet, då klimakset var å spele til dans på grendahuset i Åfjordalen. Andre har spelt landet rundt, på Topp20 og vert nominert til Spellemannspris. Yngstemann er ung og mest utan merittar. Eit foreløpig karrierehøgdepunkt var skarptromma i Balestrand Musikklag.
Fremst på scena står Anne Lene Hansen. Frå eit godt og trygt liv på austlandet, vart ho sjarmert av industristaden og industriarbeidaren. Eit sprudlande vesen som til tider klarer å halde orden på den ellers mannsdominerte kvintetten.
CTG ynskjer å ta deg med på ei reise frå rockeklubb til diskotek, frå nittitalet til motorsykkeltreff, frå stadionkonsert til funky fewer.
Lineup
Anne Lene Hansen - Vokal
Vidar Nygård - Gitar
Prikken - Bass
Bjarte Johansen - Keys og gitar
Lars Jonas Pedersen - Trommer
Restrictions
18 års aldersgrense
Waiver
Billetten kan ikkje kansellerast eller refunderast.